Sensasjonelt fornfunn i Strandavatnområde

Ivar Hognerud var som så mange andre, på sauesank. Brått såg han noko spisst som stakk opp av ein sandhaug. Han stoppa opp og såg nærare på det, sparka litt i sanda omkring det og det kom fram noko som likna på ei saks, ei gamaldagas sauesaks. Litt seinare gjekk han forbi same staden og sparka litt meir i sandbakken og dermed kom det fram mykje meir. Etterkvart vart det 7 pilspissar og nokre gjenstandar til som no er levert til Hol lensmannskontor. Ei kjapp gransking av bileta gjort av fagfolk, peikar mot ei bondegrav frå om lag år 900. Det blir om lag same tidsperioden det er gjort funn ved Strandavatn tidlegare.

No er fagmiljø varsla og det er venta at området blir gravd ut og sjekka meir ganske raskt. Så store funn er ikkje heilt kvardagskost, og det blir spennande kva arkeologane finn ellers.