Hol Bydearkiv

Hol bygdearkiv er ei arkivsamling i Hol kommune. Det omfattar ei stor fotosamling, gamle lydbånd, privatarkiv og det gamle kommunearkivet.

DOKUMENTARKIV  Fleire frivillige organisasjoner og privatpersoner har gitt eller deponert sine private arkiver til Hol bygdearkiv. Her blir arkivene sortert og oppbevart på forsvarleg måte. I dette materialet finnes mykje interessant kulturhistorie til bruk ved forskning, skriving av foreningshistorie og til bruk ved foreningsjubileum. Mange organisasjoner har sine gamle arkiv spreidd rundt i mange private heimar. Me anbefaler at dei gamle arkivene som ikkje lenger er i bruk blir gitt eller deponert til Hol bygdearkiv.

FOTOARKIV  I Hol kommune har det vore aktive fotografer i virksomhet fra fotografiets barndom og heilt fram til i dag. I Hol bygdearkiv er mange av dei originale fotografiene til Torbjørn A. Tragethon, Olav S. Reinton, Lars K. Ødegaard, Arne Grøvo, og Lars Bry oppbevart. Gjennom desse fotografanes virksomheit er kvardag og fest i kommunen å finne på glassplater og filmrullar.

LYDSAMLING  I lydsamlinga er det samla ei rekkje lydbåndopptak av folkemusikk, visesang og intervju med ulike personar.

Hol Historielag er ein flittig brukar av arkivet, og oppfordrar både fastbuande og tilreisande til å ta del i bruken.

Adressa er Hellingvegen 4 (underetasje av biblioteket ved Hallingskarvet skule)

Åpningstider:
Kvar tirsdag kl. 18.00 - 21.00. Ellers etter avtale på telefon 3209 2238.

Åpningstider sommar:
Stengt i skulens sommarferie. Åpent etter avtale på telefon 3209 2238.

Hol Museumslag

 Vi i Hol museumslag ønsker å arbeide for å fremme interesse og forståelse for lokale museer og andre kulturminner samt støtte dagens lokale kultur.

Her i Hol kommune er det mange museer, gamle bygninger og andre kulturhistorisk interessante steder. Det er viktig at de brukes aktivt så mange kan ha glede av dem og at kunnskapen de representerer bevares i lokalsamfunnet. Samtidig er det viktig å ha en arena for aktiv lokal kulturutfoldelse.

For at bevaring skal gi mening er det viktig at mange forstår og verdsetter kulturminnene. Museenes hensikt er også å bevare kunnskap. Men kunnskap bevares i folks hoder. Det er derfor viktig at den samles, bearbeides og spres. Vi i museumslaget mener dette gjøres best ved lokalt engasjement, ved at det finnes en arena for å dele interesser og kunnskap.

Vi ønsker også å inspirere til god bevaring. Vi vil være på vakt for å passe på at kulturminnene blir tatt godt vare på og at de blir brukt på en skikkelig måte. Derfor vil vi arrangere foredrag og utstillinger, og turer til andre museer. Vi vil også arbeide for å dokumentere kunnskap som er ved å gå tapt. Vi vil stille opp for kulturminnene og arrangere dugnader.

I tillegg vil vi ha det hyggelig og støtte hverandre i felles interesser.

Vi gleder oss også over støttemedlemmer som bare ønsker å være med av og til og få informasjon om hva som foregår.

Medlemskontingenten er på kr. 150 for enkeltmedlemmer og kr. 250 for familier. Medlemskapet gir gratis inngang på alle museer i Hallingdal.

Send Mail med Navn, Adresse, telefonnummer og Epostadresse til hol.museumslag@gmail.com

Eller kontakt Hol Museumslag ved Kasserer Sverre Bry,Hovsvegen 163,3577 Hovet,tlf. 92655766.

Gamlekyrkjas venner

Vår eiga gamle kyrkje i Hol har ikkje fått den pleie og omsorg slike skulle ha dei siste åra. I 2016 vart det skipa ei venneforening som i fyrste rekkje var meint som eit lag som kunne stå bak søknader på økonomiske tilskuddsordingar som kunne finnas. No har det vist seg at venneforeninga også bidreg økonomisk og ikkje minst som ressurs for dugnadsarbeid. Her er årsrapporten:

Dette har me gjort:
- Me har halde to svært godt besøkte dugnadar der me fekk rydda opp etter gravsikringsprosjektet, me fekk rydda bort mykje kvist og kvas samt nokre store tre både inne på kyrkjegarden og utanfor. Gravminna vart vaska så skrifta kom bedre fram.
- Gamlekyrkjas vener har teke heile kostnaden med å sikre dei farlege gravstøttene og dei to som det ikkje vart tid til å ta i 2016 blir teke så snart det er mogleg våren 2017.
Kostnaden vart om lag 60 000 kr. Takka vera den store anonyme gåva på 100 000 kr så let dette seg gjera.
- Me har vaska og ordna både kyrkjestugu og Ålmannstugu slik at dei står fram reine og fine.
 
Kva bør/må gjerast i 2017?
1. Gamlekyrkja må tjørebreiast. Riksantikvaren har gitt 50 000 kr til dette formålet og det er mitt håp at Fellesrådet tek resten. Arbeidet skal ut på prisforespørsel før det blir sett i gang, venteleg i august/september.
2. Taket på kyrkja har vorte inspisert av Einar Berg og Magne Ove Furuseth. Dei har utarbeidd ein grundig rapport og dokumentert med bilder korleis tilstanden er. Dei tok eit par dagar og ordna det mest prekære slik at taket no ikkje treng gjennom nokon større reparasjon. Men det er viktig at det blir sett etterkvart år av kyndige folk, og det er søkt HOl kommune om dei vil/kan setja av 2 mann to dagar kvart år for å sørge for jamt vedlikehald av taket.
3. Kyrkjegardsmuren står i fare for å rasa ut på to stader bak kyrkja. Dette skuldast mykje vatn i grunnen som igjen fører til telahiv. For å stoppe dette, må det takast ei grøft uti Skriu så ein blir kvitt vatnet. Det er eit omfattande og vanskeleg arbeid med kryssing av både ledningar og grøfter av ymse slag. Når dette kan bli prioirtert er vanskeleg å si, men det bør ikkje dra for langt ut, for brått så ramlar muren og då står me overfor eit atskillig større arbeid. Prosjektet er overteke av Fellesrådet.
4. Oppretting av gravstøtter. Det er mange mindre gravstøtter som med enkle grep kan rettast litt opp og dette vil bli gjort på ein dugnadskveld.
5. Blomar på gravene. Det er mange graver på gamle kyrkjegarden som ikkje lenger har nokon som steller med dei. Inspirert av andre gamle kyrkjegardar eg har sett, har eg foreslått at me fekk til eit blomsterfond som skaffar pengar til å få blomar på alle gravene. Saka må gjennom Fellesrådet. Men uansett så meiner eg at venneforeningen kunne ta denne støyten i år ved å kjøpe blomar og at me plantar dei ut ein dugnadskveld. Me skal sjølvsagt ikkje blande oss borti graver som blir sett etter.
6. Det blir også arbeidd med å få til ei betre infotavle slik at besøkande som kjem utanom opninstida også kan bli nokonlunde orientert om det dei ser...............
 
De vil få nærare innkalling til dugnadskveldar når det lir mot sommar................
 
Og til slutt: Medlemskontingenten til denne foreningen er av frivillig storleik. <De får avgjera sjølve kor stor kontingent de finn det rett å betala og kontonummeret er 2333 22 62661
 
Takk for god støtte og godt arbeid i 2016 og vel møtt til nye tak i 2017
 
For venneforeninga
 
Knut Medhus
leiar