Bli medlem i Hol historielag

 

Kunne du kanskje tenke deg å bli medlem i Hol historielag ?

Det forpliktar ikkje meir enn å betala medlemskontingenten som er

100 kr for einskildmedlem eller 150 kr for familiemedlemskap.

Betal inn til konto 2333 32 35498, og send gjerne ei e-post melding

til leiar knut@medhus.info  eller kasserar olaru@online.no

 

Gjennom vandringar, møter om ulike tema, svallekveldar

og temakveldar vil laget gjera sitt til å auke interessa for soga om

di eiga bygd, din eigen kommune.

 

Medlemstalet i laget er no om lag 350.

Me prøver mest mogleg å kommunisere per e-post då det er veldig

raskt og greitt, så hugs å oppgi e-post adressa di når du melder deg inn.

Årsprogrammet blir sendt alle medlemmene i januar/februar.

Me tek gjerne i mot idear til vandringar eller tema for møtene våre.

Kvar vår legg me ut på tur der me reiser med buss.

til spennande kulturmål i Sør-Norge.

Du betalar for overnatting, men turen ellers er gratis for medlemmer.