ÅRSMELDING HOL HISTORIELAG 2016

 

Styret for Hol historielag 2016 har vore desse:

Knut Medhus, leiar

Ola Ruud, kasserar

Torstein Seim

Sander Eggen

Karin Sundberg

Varafolk: Torleiv Ødegård og Gro Vindegg.

Styret har i 2016 hatt 3 møter i tillegg til årsmøtet.

 

Året har vore prega av stor aktivitet med møter, vandringar, turar og bokprosjekt. Styret gler seg over godt frammøte til dei arrangementa som blir organisert gjennom laget og takkar alle for at dei viser så stor interesse for lokalhistoria.

Arbeidsåret starta med møte årsmøte 15. februar. I tillegg til årsmøtesakene som gjekk greitt unna, var kveldens gjest Kjell Fjose. Han var lærar på Geilo tidleg på 1970 talet og i samband med vidareutdanning gjennomførte han ei stor undersøking omkring industrien på Geilo. Dette arbeidet var bakgrunn for foredraget hans som tydlegvis interesserte mange – heile 80 personar møtte fram.

7.mars hadde me besøk av Arne Horge frå Rukkedalen. Ein kjent skribent i lokalavisa med lun humor. Han tok oss gjennom ein del av sine underfundige fortellingar og sette heile forsamlinga på om lag 70 personar i svært godt humør!

I april var det ein veteran innan forskinga på jernutvinning som var gjest – Arne Espelund. Han viste bilder og fortalde om både jernvinneteknikken og om utviklinga av ljåen frå tynningsljå til slipeljå. 40 frammøtte.

Ole Bjørn Kleven har samla ein del ulike saker frå 2. verdskrigen. Desse viste han fram og fortalde om på møtet vårt i mai.

Årets tur gjekk gjennom Numedal og til Tønsberg med retur om Fossesholm og Nøstetangen 11. og 12. juni.. 53 deltakarar fekk ein tur full av gode historiske inntrykk frå middelalderdalen Numedal, Slottsfjellet med meir i Tønsberg, storgarden Fossesholm og glasverket på Nøstetangen. Torstein Seim var kunnskapsrik turleiar som han har vore i mange år.

Fyrste vandringa i 2016 gjekk rundt Høgehaug i Hol 18.juni  med Knut Medhus som turleiar. 45 deltakarar var med på turen som var i samarbeid med Hol bygdekvinnelag, som sto for framifrå servering.

I samband med at det i 2016 var 200 år sidan Sander Røo vart fødd, arrangerte historielaget 23. juli ei utstilling på Tingstugu der det vart vist bilder av nokre av dei mange fornminnene Sander fekk sikra for ettertida ved å samle dei inn og levere til universitetet. Knut Medhus fortalde om Sander Røo.

Etter sommarferien starta haustprogrammet opp med vandring på vestsida av Hovet den 13. august. Per Lilleslett var kunnskapsrik turleiar for ein stor flokk interesserte.

I september var det to møtekveldar. Kari Telste frå Norsk folkemuseum tok på møtet 8.9. for seg temaet ugifte mødre og svikefulle fedre. 40 frammøtte. 5. september hadde me besøk av Per Bremnes frå Eidfjord som fortalde om kvar bispevegen over Hardangervidda truleg gjekk.

25. september fekk 70 deltakarar ein fin tur med Ola Aarset som turleiar. Han tok oss langs gamlevegen i Kvisla like til Hagafoss, ein lite kjent veg for svært mange. Det var matkvil på Medhus hjå Ivar og Wendy, inkludert besøk i den berømte Medhusstugu.

30. september var Hol historielag for fyrste gong med på haustmarknaden i Hol. Laget hadde utsalg av bøkene sine, og salget var godt.

27. oktober hadde me besøk av Rolf Rasch – Engh. Denne gongen tok han for seg den store nordiske krigen i 1716 og hallingane ei deltaking i den. 35 frammøtte.

Siste møtet i 2016 var lanseringsmøtet for årboka Under Hallingskarvet og Holkalenderen. Leiaren i laget hadde eit kåseri om Tor Villand, ein av jubilantane i 2016. 70 frammøtte og svært godt sal av bøker og kalender. Det vart også delt ut til alle som ville ha eit eksemplar av boka «Tema i tida» som Osvald Medhus ga bort til medlemmene i laget.

Litt seinare i desember kom boka som Torstein Seim har arbeidd med i lengre tid, Brev heim. Den har vorte godt motteken og vart ei flott bok.

Anna:

Laget har drøfta blant anna eit enno nærare samarbeid med bygdearkivet, me har gitt uttale i saka om revisjon av konsesjonsvilkåra for Holsreguleringa der med har peika spesielt på at det må setjast av pengar til utgravingar ved Strandavatn samt oppattbygging av Kleppestølbrua. Me har også vore aktive i arbeidet med utvalde kulturminner i Buskerud. Historielaget har også vore pådrivar for å få trykt oppatt Holsbok band 3 som har vore utselt i mange år. Den kom i nytt opplag hausten 16. Lordeboka som laget gav ut for to år sidan har også vore utselt og den vart etter vedtak i styret trykt i nytt opplag på 300 eksemplar.

Styret takkar alle som støttar opp om laget som medlemmer eller på annan måte.

3576 HOL januar 2017

 

Knut Medhus      Ola Ruud      Torstein Seim     Karin Sundberg     Sander Eggen